Fjæra ved skredet sett frå lufta måndag.
Emil Solbakken, Statens vegvesen
Uviss vegopning
— Dette er eit veldig omfattande
oppryddingsarbeid. Me har mange folk i sving, men det er framleis mykje som
står att. I utgangspunktet skal me opna onsdag, men det er litt uvisst. Både
fordi arbeidet er vanskeleg og fordi det er meldt store nedbørsmengder onsdag
og torsdag, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Finden.
Sjølv om vegen blir opna
for ferdsel, må folk belaga seg på venting.
— Vegen vil bli heilt
stengd i eit par timar om gongen, og den vil berre vere open i eitt køyrefelt,
seier Finden og ber folk sjekka trafikkmeldingane for å finna ut når vegen er
open.