Forretningsutviklar Morten Helland i Medvind24 Næringshage ønskjer å komme i kontakt med dei som har næringsareal eller næringslokale som dei vil ha ut i marknaden.
ARKIV/SVEIN-ERIK LARSEN
Vil lage felles oversikt over tilgjengeleg areal
Til Medvind24 Næringshage si eiga nettside seier
forretningsutviklar Morten Helland at eigna areal og lokale er svært viktig for
utviklinga av bedrifta for mange næringsaktørar. Medvind skal vere eit
bindeledd i næringslivet, og me blir ofte kontakta av aktørar som er på jakt
etter lokale eller areal i Vindafjord og Etne.
— Dette er aktørar i alle
storleikar, frå mange ulike bransjar og med ulike behov, fortel Helland.
Målet med den digitale
oversikta over ledige næringsareal og næringslokale som det no blir jobba med,
er å gjere det enkelt for interesserte å finne desse, samtidig som det skal
vere eit enkelt verktøy for eigarar til å få areala synleggjorde.