Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

På tampen

Steinar Aalvik

Det der vatnet

Kva han la vekt på, han Gamle-Sjur, då han for her og såg seg om for 110 år sidan, på leit etter ein plass å gjera av seg, veit eg lite om. Men eg ser ikkje bort frå at vatn var eit viktig tema. Slik sett var nok Melandselva ein positiv faktor, der ho svinga seg nedover alle bøar. Å påstå at han la seg på magen og drakk or elva der ovanom Øvre Melandsbrua, er reine spekulasjonar frå mi side, og noko eg aldri har høyrt noko om. Og kva den tidlegare eigaren, Hans Gamlatræ, han som seinare testamenterte «Hansastykkje» til indremisjonen, i så fall hadde meint om det, kan eg heller ikkje vita noko om, men eg veit at eg sjølv har lege på magen og drukke vatn or elva oppi der mang ein gong, og funne at vatnet var godt.

Denne Melandselva er vel i grunnen ikkje anna enn ein liten flaumbekk, utan noko magasin til å lita på, likevel forsynte ho Gamlatræet med det dei trong av vatn i mange år. Men dei fekk det ikkje gratis, vatnet måtte berast heim i bøtter, med vassåk. Det var nok for å spara arbeidskraft at dei i si tid fann på å grava seg ein brunn oppe ved Åsagarden. Dei fekk seg springvatn både på kjøkenet og i fjosen, og dermed var den nye tida komen til gards. Kvaliteten på vatnet vart knapt betre med så gjort, og det skulle ikkje lange tørkeperioden til før dei atter måtte ty til elva. I 1962, då nyefjosen stod klar, kosta dei på seg ei Brynepumpe i mjølkerommet, og elva vart på nytt hovudvasskjelda. Ti år seinare måtte pumpa vika for å gje plass til ein mjølketank, og dei kopla seg til Øvre Meland Vassverk. Så drakk me elvavatn med glupsk appetitt, heilt til den eine vassprøven verre enn den andre, tvinga fram både eitt og to borehol.

Men eg hugsar den gamle brunnen der oppe ved Åsagarden, som ei rotna trerame med sundrusta bølgjeblekkplater på. I dei dagane var det var mykje sukk og stønn på kjøkenet i gamlahuset. Det var: «Kunne de nå ikkje berre. Det skulle nå ikkje vera verre bryet. Det hadde nå vore svinte gjort. Det er nå berre til å gjera det, så er det nå ein gong gjort!». Så ein dag såg eg at Pappen og Besten for der oppe og velta stein ut i den gamle brunnen. Eg visste at det var fordi at eg ikkje skulle drukna i han. HMS på det administrative planet har vel i grunnen alltid vore eit kvinnfolkarbeid.

Powered by Labrador CMS