Det vanka både country og kaos i Bob Kåre sin saloon.
Irene Mæland Haraldsen
— Artig og kjempegøy
— Dette var høg kvalitet. Det var
både artig og kjempegøy, med mykje flotte songar. Eg kunne mesteparten av tekstane og song med,
seier Arnt Kåre Rolland frå Aksdal etter at sceneteppet har gått ned og jubelen
frå salen har stilna.
Saman med kona Åse Berit
har den tidlegare etnebuen tatt turen til Sandeid denne kvelden for å få med
seg Sandeid UL si siste teaterframsyning og ikkje minst for å feira eit privat møte
på samfunnshuset midt på 1970-talet som skulle visa seg å bli starten på eit
langt samliv.
— For 50 år sidan var me på dans
her på samfunnshuset i Sandeid og det var her me møttest, seier ekteparet som
fekk seg ein minneverdig kveld med countrymusikk og god stemning fem ti-år
etter sitt første møte.