Rådgivar Anne-Marte Vinjerui Vaka ved SpareBank 1 Sør-Norge sitt kontor i Ølen opplever at kvinner er engasjerte i familieøkonomien.
SVEIN-ERIK LARSEN
Gler seg over at kvinner tar ansvar
— Tidlegare var det ofte menn som tok seg av
forholdet til bank, forsikring og sparing. Det har blitt mykje betre, og det
kan like gjerne vere kvinnene i parforhold som tek kontakt med oss, seier
rådgivar Anne-Marte Vinjerui Vaka ved SpareBank 1 Sør-Norge sitt kontor i Ølen.
Generelt synest ho kvinner er mykje flinkare no og
tek meir bevisste økonomiske val enn dei gjorde for rundt ti år sidan.
— Frå «gamle skulen» var det ofte slik at menn
eigde hus og hadde lån åleine, medan kvinna tok seg av det daglege. Det
fungerer så lenge ein er saman, men kvinna blir jo då den tapande parten om det
oppstår et samlivsbrot eller andre livskriser. Men me har heldigvis kome lenger
no, seier rådgivaren.