Anneline Endresen (t.v.) og Katarzyna Mielcarek trivst med høg aktivitet.
Nils Tokheim
Merkar stor trafikkauke
Dei veit at det er ikkje varar evig, men bensinstasjonen i Sandeid smir mens jarnet er varmt nå som trafikkstraumen austover, som elles hadde kome gjennom Åkrafjorden, nå går gjennom bygda.
— Me auka butikksalet nesten fire gonger på rasdagen, og me klarte å unngå å gå tom for noko som helst, seier Anneline Endresen.
Ho innrømmer rett nok at dei på slutten av dagen til ein viss grad påverka kundar til å ta andre val enn dei varene det byrja å bli kritisk lågt kvantum av.