Karen Johanne og Åsmund Vae angra ikkje på at dei bestemte seg for å gå på hagelaget sitt arrangement.
Nils Tokheim
Hagen som kjelde for mat
Heile 153 personar betalte seg inn for å læra meir om korleis ein kan bruka eige areal til sjølvberging, og dermed bidra til at folk blir meir sjølvhjulpne i eventuelle krisetider. Ekteparet Vae har nyleg flytta tilbake til Etne som er heimbygda hans.
— Det er mykje interessant som blir sagt her om jord og jordforbetring, og det er truleg viktig med beredskapshage og kva det betyr om mange bidreg, seier Karen Johanne Vae.
Ho er van med sjølvdyrking heilt frå barndomen kor ho hugsar at spesielt besteforeldra var svært aktive, og at ho fekk vera med.