Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Leiar Erling Bjarte Rullestad i Etne IL går av i slutten av mars. No håpar han at dei skal få på plass ny leiar, men det ser førebels vanskeleg ut.

Snart årsmøte: Framleis ingen ny leiar til Etne IL

Publisert

Det hastar for Etne idrettslag. Om tre veker skal laget halda årsmøte, men framleis står leiarvervet i hovudstyret utan kandidat. Valnemnda har vore i kontakt med ei rekkje aktuelle personar, men har så langt ikkje lukkast med å få nokon til å ta på seg rolla. Avtroppande leiar Erling Bjarte Rullestad håpar likevel at nokon vil melda seg før årsmøtet 26. mars.

— Me ønskjer inderleg at nokon skal melda seg, og eg synest det er viktig å få fram at dette er eit ufarleg verv, seier Rullestad.

Sjølv har han vore leiar sidan 2020 og har til saman ti år bak seg i styret i Etne IL. I fjor haust flytta han til Stavanger og må dermed gi stafettpinnen vidare. Ifølgje Rullestad handlar vervet først og fremst om å leia styremøta og sørgja for at styret arbeider strukturert med administrative og økonomiske spørsmål. Dei ulike idrettsgruppene i laget har eigne styre, mens hovudstyret arbeider med dei overordna rammene for idrettslaget.

Powered by Labrador CMS