Bergfrid Namtveit, Anne Lise Solvi og Turid Becker gler seg til tysdagsfilmen på Skakke.
Irene Mæland Haraldsen
Populært kinotilbod med rom for kaffikos
Klokka nærmar seg halv eitt tysdag føremiddag og foajeen i
Skakke i Etne er i ferd med å fyllast med kinoglade kvinner og menn. Dei fleste
er ute i god tid før filmen skal rullast i gang og nyttar ventetida tid til ein
liten prat med vener og kjente. Tysdagsfilmen, som står på kinoprogrammet eit
par gonger i månaden, er blitt eit populært kinotilbod som stadig fleire set
pris på. Denne tysdagen står musikkdokumentaren Epic: Elvis Presley in Consert
på kino plakaten, ein film som har lokka ekstra mange til kinosalen.
— I dag skal me sjå ein
konsertfilm om Elvis. Det gler me oss til, seier Turid Becker og Bergfrid
Namtveit.
Dei to damene i
pensjonsalder er ofte på plass når Skakke kino inviterer til tysdagsfilm på
dagtid, og denne dagen er ikkje noko unntak.