Får du ikkje logga inn? Ta kontakt!

Publisert Sist oppdatert

Etter at Grannar denne veka skifta til nye tekniske system, har ikkje alle abonnentar fått til å logga seg inn. Hovudårsaka til innloggingsproblema er at ikkje alle har registrert e-postadresse eller mobilnummer korrekt.

Det som ofte skjer, er at du blir sendt tilbake til framsida og ikkje får opp innloggingssida. I desse tilfella kan det hjelpe å slette nettlesardata/cookies. 

Dei abonnentane som ikkje får logga seg inn, og som ikkje klarer å nullstille passordet, kan ta kontakt med oss på telefon: 53 77 11 00.

Me vil hjelpe deg så raskt som mogleg med å få tilgang til nettavisa.

Me i Grannar beklagar problema som fleire opplever, og takkar abonnentane våre for tålmodet medan tilsette – saman med leverandørane våre – arbeider med å finna løysingar.

Powered by Labrador CMS