Kjersti Skogen har den aldrande hunden Max, men her er ho sjarmert av venninna sin vesle kvalp.
Foto: Privat
10 Kjappe
Tvers gjennom engasjert
Kjersti Skogen er ikkje alltid så synleg, men er ofte i kulissane på ting i Etne-bygda.
Skomakar bli ved din leist» praktiserar ho sjeldan. Lærar av utdanning og yrke, men under den årlege fotballcupen i bygda står ho som kjøkkensjef i spissen for å metta opp mot 2.000 munnar med fleire måltid.
Ho har stålkontroll på logistikken, og det går gjetord om då ho eit år presenterte handlelista som skulle til for å servera 600 liter graut til lunsj og taco til middag. Ein hugsar best 15 kilo tacokrydder, 4500 egg og 220 kilo kvitost.
Den opprinnelege ølensbuen, som er gift med ein skjoldabu, har tre fosterbarn som enno ikkje har gitt dei barnebarn. Kristoffer og Iben bur i Etne, medan Donna Silje bur i Brattvåg nær Ålesund.