Næringsliv
Tunnelar gir framtidstru og entusiasme
— Per i dag er framtida vår lys, seier fabrikksjef Sandra Kaldheim ved Ølen Betong sin elementfabrikk i Sandeid.
Ølen Betong kjøpte fabrikken frå Hå Element, som dei allereie eigde 51 prosent av, i 2022. Kaldheim har jobba der i to år og starta som fabrikksjef med administrative oppgåver i januar, noko ho synest går veldig fint. Ho fortel at divisjonsleiar Geir Arild Søndenå har styringa, medan ho fungerer som mellomperson mellom han og avdelinga. Søndenå har kontorplass både i Sandeid og i elementfabrikken i Mølstrevåg i Sveio.
Spennande tider
Rogfast er eit vegprosjekt under bygging på E39, som vil gje ferjefri vegsamband mellom nord og sør i Rogaland under Boknafjorden. Hovuddelen er den 26,7 kilometer lange Boknafjordtunnelen, verdas lengste undersjøiske vegtunnel.
I fjor sommar vann Ølen Betong sin største elementkontrakt gjennom tidene med Implenia AS for leveransar til E39 Rogfast på parsellen E03 Boknafjorden sør. Ein månad seinare sikra dei seg ein større kontrakt med Skanska Norge AS for leveranse av betongelement og ferdigbetong til parsellen E04 Boknafjorden nord, med ein kontraktsverdi på 760 millionar kroner inkludert meirverdiavgift. Produksjonen til kontraktane skjer i Sveio, Sandeid og Gismarvik.
— Det er ein stor jobb som gjev oss stabil produksjon og trygge arbeidsplassar over fleire år, seier Kaldheim.
For produksjonsleiar Vigleik Bakkedal frå Vikedal, som har vore på fabrikken i 25 år, er dette det største prosjektet han har opplevd der. Han omtalar det som spennande tider.
Det jobbar både lokale og austeuropearar i Sandeid. Ein som går under begge kategoriar er litauiske Dovydas Kisla, som har budd i Sandeid i 15 år. Han trivst som blandeoperatør og synest det er kjekt å ha mange typar betong å jobbe med.
Langsiktig aktivitet
Cirka 30 personar jobbar i produksjonen og fire i administrasjonen. Divisjonsleiar Geir Arild Søndenå seier at dei fleste er engasjert i Rogfast-prosjekta gjennom dagen, og at 70–80 prosent av det som skjer der dei neste fire åra er knytt til det. I tillegg driv fire sjåførar frå Ølen Betong Transport logistikk frå fabrikker og ut til kundane.
Det blir produsert betongelement til tunnelar, veggelement, takelement og tekniske bygg. I Sveio skjer det same, men i betydeleg større skala og til fem-seks prosjekt fordelt over heile landet samtidig, med 55-60 tilsette i produksjonen og fem i administrasjonen. Ølen Betong har mellomlager på 16 mål på Bokn og 25 mål på Rennesøy, der sjåførane kan losse av element. Rogfast-kontraktane bidrar ifølgje divisjonsleiaren til langsiktig aktivitet over fire–fem år på fabrikkane. Elementdelen i Sandeid og Sveio har ein ordrereserve på cirka halvannan milliard kroner.
— Det er ein betydeleg del av omsetnaden vår, seier Søndenå.
Ølen Betong AS omsette for 962 millionar i 2023. Bedrifta er del av Nordic Concrete Group (NCG), landets største betongprodusent, som hadde ein konsolidert omsetnad på 3,067 milliardar i 2023.
Ingen planar om å gi seg
I år er det 50 år sidan Ølen Betong AS blei etablert som samarbeidsselskap mellom Berge Cementstøperi og Sunnhordland Støperi & Bygg. Søndenå har jobba i bedrifta i 25 år. Han starta som produksjonsleiar i Ølensvåg, blei divisjonsleiar etter eit par år, og fekk ansvar for element 1. april 2004. Utviklinga i hans tid omtalar han som ekstrem.
— Det har vore ei betydeleg utvikling kvart einaste år, seier Søndenå.
Han peiker på skilnaden mellom eit firma i såkalla normal storleik til konsernverksemd med cirka 70 fabrikkar. Fabrikken i Ølensvåg er mynta på produksjon til vatn- og avløpsanlegg, medan det er elementfabrikkar i Sandeid, Sveio og tre på Jæren. Seks er prefab-fabrikkar, medan resten produserer ferdigbetong. Søndenå ser positivt på synergieffektar som følgjer av mykje kunnskap i NCG. I tillegg nevner han fordelen dei har med å ha logistikken fram til kunde i eigen regi, med hjelp av Ølen Betong Transport. Ein viktig aktør for dei med frakt av element sjøvegen, er Arriva Shipping i Ølensvåg.
Søndenå er fødd og oppvaksen i Sandeid og bur nå i Ølensvåg. 65-åringen seier at når ein har hatt slik stor aktivitet gjennom alle år, har det ikkje vore plass til å etablere hobbyar, men klagar ikkje. Han meiner Ølen Betong er ei flott solid bedrift der ein får utvikle seg og får frihet under ansvar.
— Eg har ingen tankar om å gi meg, fortel Søndenå.
Sjølv om han har hatt ei sentral rolle, framhevar han den dyktige arbeidsstokken som står på og produserer kvakitetsprodukt kvar dag.
— Eg kan ikkje få rost dei nok, avsluttar han.