Magne Skålnes og Glenn Kringlebotten er Mainstreet ein svært spennande duo som 28. februar speler lunsjkonsert. Over 200 har sikra seg billettar til det som er skikkeleg folkeleg musikk. To karar og to gitarar blir aldri feil.
Tysvær
To menn, to gitarar, åtte låtar pluss ei overrasking
Den 28. februar arrangerer Tysvær Bygdeblad lunsjkonsert nummer 69. Då er det duka for ein duo som har spelt saman i snart 40 år til storsalen.
(TYSVÆR BYGDEBLAD): Det er feil å seie at den store låtkatalogen til Mainstreet, som består av Glenn Kringlebotten som er oppvaksen i Etne, og Magne Skålnes frå Åkrafjorden, har sendt dei ut på dei store scenane rundt om i verda. Men på heimebane er det mange som både har sett og høyrt dei. Så pass mange at ryktet til slutt nådde oss i lunsjkonsertane i Tysværtunet.
– Me møttest på 80-talet, og igjennom 90-talet skreiv me mange låtar saman. Fleire av dei vart spela inn, og gitt ut både som kassett, vinyl og CD den gongen. Etterkvart skildest vegane for oss då jobb og familie blei hovudfokus nokre år. I den seinare tida har me funne tilbake til vår gamle hobby, og er i gang med å gi ut mange av dei gamle låtane digitalt. Tracks of Fire har me kalla EP serien. Tracks of Fire, Vol.1 kom ut i november, og Vol. 2 kom nyleg ut. Kvar utgjeving har fire låtar, og det er planlagt 4-5 utgjevingar i serien. Sjølv om katalogen vår er stor, så er me i gang med å skrive nye låtar. Me gler oss til lunsjkonserten på Tysværtunet 28. februar, seier Magne Skålnes.
– Litt kjent namn, seier du?