To bilar frontkolliderte

Naudetatane har rykt ut etter at det kl. 11.22 andre pinsedag kom melding om frontkollisjon på E134 ved Rullestad aust i Etne kommune. To personbilar er involvert i trafikkulykka. — Skadeomfanget er uklart, melder Sør-Vest politidistrikt. Både brannvesen, ambulanse og politi er på veg til staden ved Rullestadjuvet.

Siste frå politiet:

Ambulanse på staden melder om trafikale utfordringar i samband med ulykka. Eit av køyretøya skal vera ein bubil. Tre personar om bord i denne framstår som uskadde. Førar av personbil får tilsyn av ambulansepersonell nå.

Trafikken står stille på staden i påvente av bilberging/manuell dirigering.

Ulykka har skjedd ved Øykjedalen, like aust for Rullestadtunnelen.

To til legesjekk

Brannvesenet har starta manuell dirigering forbi ulykkesstaden.

— Førar av personbil og éin passasjer frå bubilen blir køyrt til Odda med ambulanse for legesjekk, melder Sør-Vest politidistrikt like over kl. 12.00.

Bilberging

Først rundt kl 12.10 er politiet framme ved ulykkesstaden. Politiet stenger europavegen i ca. 30 minuttar på grunn av gransking på ulykkesstaden.

Eit kjørefelt er nå opna med manuell dirigering igjen mens bilbergar fjernar kjøretøya.

Vegen er nå open fri ferdsel, melder Statens vegvesen.

Powered by Labrador CMS