Hans Kristian Havreberg i Havreberg Coaching er klar med nytt treningstilbod.
Irene Mæland Haraldsen
Tilbyr boksetrening i ombygd silo
For fem år sidan opna Geir Havreberg og
sonen Hans Kristian treningssenter i det gamle fjøset heime på garden. Hausten
2024 utvida dei treningstilbodet i eit flunkande nytt treningssenter i
Ljoshallbygget i Etne sentrum. Nå er dei klar med enda eit tilbod, denne gong i
den gamle siloen på heimegarden.
— Me har jobba med silorommet i
tre år nå. Dette har vore det mest ambisiøse prosjektet vårt. Hadde me visst
kor mykje arbeid det var så hadde me kanskje tenkt oss om, seier Hans Kristian
Havreberg i Havreberg Coaching.