Frisklivssentralen held til i Ølen omsorgssenter.
ARKIV/SVEIN-ERIK LARSEN
Nytt tilbod for meistring av stress
Dette opplyser Vindafjord kommune på nettsida si.
Gruppa blir leia av fysioterapeut Elin Hundseid.
— Kjenner du på stress –
og kunne tenkt deg verktøy for meir ro, balanse og overskot i kvardagen? Gruppa
passar for dei fleste, skriv kommunen.
Det blir eksemplifisert
med at ein kan oppleve høg belastning i kvardagen, stå i fare for å bli – eller
vere – sjukemeld, slite med muskel- og skjelettplager, uro og søvnvanskar –
eller berre ha behov for meir ro og kontakt med eigen kropp. Alle som er nysgjerrige
på gode verktøy for betre helse og meistring, er velkomne.