Tysvær
Takka for fridommen
Eit samla publikum, beståande av elevar frå Førre skule, veteranar, HV-ungdom, ordførarar og fleire til, markerte landets frigjeringsdag og Veterandag torsdag.
Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) gratulerte med dagen frå talarstolen:
— I dag feirar me frigjeringa av Noreg. Det er 80 år sidan 2. verdskrigen tok slutt. Den 8. mai 1945 kunne ein sleppa jubelen laus og feira at fem år med okkupasjon var over. Me må takka alle som deltok i kampen for eit fritt Noreg den gongen, som kjempa i felttoget i Noreg i 1940 frå sør til nord, alle som var med i motstandskampen og i det å halda motet oppe under krigen. Dei som dyrka maten vår, og ikkje minst krigsseglarane som under heile krigen sørgde for forsyningar og gjorde den allierte sigeren mogleg. Allierte soldatar, og ikkje minst allierte land som stod samla for å få slutt på krigen. Mange av desse deltok med fare for sitt eige liv. Alle desse fortener ein stor takk, ikkje minst frå oss som veks opp i eit fritt og godt Noreg.
Stor kostnad
Vidare understreka Vierdal viktigheita av å heidra veteranane, der om lag 100 000 norske kvinner og menn har tenestegjort i internasjonale operasjonar i over 40 land.
— Soldatane våre har stått i krevjande og farlege oppdrag, og kostnaden har ofte vore stor. Me skal aldri gløyma dei som gav livet sitt for oss, og alle de som frivillig risikerer livet for Noreg og verdsfreden i dag, uttalte Vindafjord-ordføraren.
Tre barneskuleelevar hadde det ærverdige oppdraget med å seia nokre ord og leggja ned kransen. Framfor det store oppmøtet fortel Johan Sønderland (13) og Rikke Slathia (13) at dei den siste tida har lært om 2. verdskrigen på skulen.
— Denne dagen er ein veldig spesiell dag for oss i Noreg. Om me går 80 år tilbake i tid, på akkurat denne dagen, vart Noreg eit fritt land igjen. Det hadde vore ei vanskeleg tid med krig, og 8. mai 1945 var krigen slutt. Noreg vart frigjort og kunne flagga med flagget vårt igjen. Difor vert dagen i dag kalla frigjeringsdagen, seier Slathia.
Vidare uttalte Sønderland at ein markerer dagen for å hugsa dei som kjempa for Noreg:
— Me ønskjer å seia takk til dei som stod imot urett og som ønskte eit fritt og trygt Noreg. I dag er òg ein dag for å sjå kor viktig fred og fridom er for oss – kanskje noko me tek for gitt i dag.
Nervøs
Lilja O. N. Hundsnes (13) fekk så oppdraget med å leggja kransen framfor minnesmerket.
— Det var spennande, fortel ho til avisa etterpå.
— Kjende du på nervane før du skulle leggja ned kransen?
— Ja, men eg prøvde å time det i forhold til talane, seier 13-åringen.
Dei to yngste talarane følte seg ganske trygge og ikkje særleg nervøse på førehand. Dei synest det gjekk greitt – dei hadde jo trass alt øvd ein time dagen før, påpeiker skuleelevane. Dei meiner markeringa er viktig.
— Det er ein bra dag. Det er veldig viktig å feira at Noreg vart fritt, svarar Sønderland.
— Det er som med 17. mai då me feirar grunnlova, men no feirar me at Noreg vart frigjort. Det er viktig, uttrykkjer Slathia.
Ekte heltar
Naomi Wessel avslutta markeringa framfor museet med ei tale på Veterandagen, som dotter av tysværbuen og veteranen Peter Wessel. Som sine medtalarar viste ho til kor viktig det er med ein dag som markerer innsatsen under verdskrigen, men også at ein må erkjenna dei skumle kreftene som stadig lurer i nærleiken.
— Notida og historia viser oss på grufullt vis at negative straumdrag og autoritære leiarar som Putin, Orban og Trump skaper splitting og frykt. Dette må me ta på største alvor for å hindra endå meir krig og skade. Det er ekstremt viktig at me vernar om folkeretten, og at me tek brot på den, uansett kven som bryt han, på største alvor, sa ho i talen.
Som dotter av ein veteran seier ho seg takksam for at foreininga eksisterer og tek så godt vare på sine.
— På vegner av alle som har fått hjelp av arbeidet dykkar, vil eg seia: tusen takk! Takk for tida dykkar, innsatsen og den uendelege omsorga. De er ekte heltar, og eg er utruleg stolt av dykk, uttrykte Wessel.