Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Nerheimstunet ligg på høgda sør for tettstaden Ølen. Bernt Ove Ebne driv hagesenter tett i tett med det gamle bygdetunet. Foto: Arne Frøkedal
Nerheimstunet ligg på høgda sør for tettstaden Ølen. Arkivoto: Arne Frøkedal

Støtte til Nerheimstunet

Publisert Sist oppdatert

Stiftelsen UNI har på sitt siste styremøte vedtatt å løyva 82.900 kroner til dette føremålet ved det gamle gardstunet på Nerheim i Ølen.

Nerheimstunet er ein del av Sunnhordland Museum og er eit Vest Norsk Bygdetun frå 1859 som ligg sentralt i Vindafjord kommune. Opphavleg stod det to gardstun på bruket Nerheim Store. Dei hadde eldhuset felles, og derfor er dette større enn vanleg med inngang frå begge langsider. Tunet elles inneheld mellom anna eit bustadhus, som er to samanbygde lemstover, løe, skytje og stabbur. Bygningane på Nerheim inneheld innbu og reiskap som opphavleg er frå garden og frå bygda elles.

I eldhuset er det blant anna ei stor samling skipsbyggingsreiskap frå familien Sjovatsen, som i fleire generasjonar dreiv jaktebygging på Sandviksanden i Bjoa.

Powered by Labrador CMS