Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Prisvinnar Maria Toresen, her saman Audun Reithaugdagleg leiar i Norsk Viseforum.Foto: Norsk Viseforum
Prisvinnar Maria Toresen, her saman Audun Reithaugdagleg leiar i Norsk Viseforum.

Stipend til Maria Toresen

Publisert Sist oppdatert

Juryen beståande av fire av dei fremste visekjennarane i Noreg, har gått nøye til verks for å vurdera, sila, og rangera over 100 søkjarar til stipendet. Dei landa på fire finalistar og blei ståande att med stavangerbaserte Maria Toresen. Utdelinga skjedde i samband med opninga avRockheim-utstillinga Ei vise er så mangt» som tar eit etterlengta djupdykk i visehistoria.

Toresen er ikkje eit ubeskrive blad, ho debuterte som solo-artist i 2015 med den kritikarroste Birds don´t tell». Ho har bytta ut engelsk med norsk og har erfart å få betre fram det ho vil formidla. Stipendet dekkjer kostnadene til ei innspeling, og det er lagt opp til ein brei norgesturne for den prisvinnande artisten. Åleine med gitar vil Toresen kunna spela kor som helst kor det finst publikum.

Norsk Viseforum organiserer viseklubbar som både held eigne konsertar og arrangerer konserter med andre. Dagleg leiar Audun Reithaug stod for prisutdelinga onsdag kveld.

Powered by Labrador CMS