Stina Bakkedal tok sølv og bronse

Laurdag var det klart at Stina Bakkedal nådde finalen under VM i ullhandtering, og spenninga […]

Publisert Sist oppdatert

Laurdag var det klart at Stina Bakkedal nådde finalen under VM i ullhandtering, og spenninga var stor under konkurransen der ho tevla saman med 23 deltakarar frå 15 nasjonar.
Det lukkast ikkje Grannar å få ein prat før avisa gjekk i trykken søndag, men pressekontakt for VM i saueklypping, Grethe Skundberg seier at det er ein stor prestasjon å bli nummer tre i denne harde konkurransen.
Også i lagkonkurransen gjorde Stina Bakkedal det godt. Saman med Jorunn Westerheim frå Førdesfjorden representerte dei Noreg i lagkonkurransen i ullhandtering. Her vart det sølvmedalje og dei vart slått berre av laget frå New Zealand.
Stina Bakkedal jobbar til dagleg på ulllageret til Nortura i Sandeid. Også på fritida brukar ho mykje tid på sauer. Før VM som gjekk på Bjerkreim i Rogaland, uttalte ho til Grannar at ho ikkje rekna med å hamla opp med dei eldre og meir erfarne konkurrentane, men det viste seg at det greidde ho fint.
Inge Morten Tronstad (29) frå Etne, som var ein av heimefavorittane, enda på 15. plass i innleiande rundar og blei tidleg slått ut av konkurransen.

Powered by Labrador CMS