Målprisen på korn er blant det som aukast i årets jordbruksoppgjer.
Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Staten og bøndene samde om kostnadskompensasjon
Staten tilbyr bøndene 2,4 milliardar kroner i kompensasjon for auka kostnader i 2022. Det er det same som bondeorganisasjonane kravde.
– Dette vil kompensere for svikten i inntektsveksten i forhold til det Stortinget føresette i fjor, skriv Landbruks- og matdepartementet i ei pressemelding.
Tilbodet frå staten legg opp til utbetaling av kompensasjon for auka kostnader, og dessutan å løfte inntektsnivået i næringa ytterlegare allereie i år, skriv departementet vidare.