Foto: Grethe Hopland Ravn
Ajax er vår venn» syng husmødrene, f.v: Vanja Sørheim, Emeli Moe Nonaj og Eline Kvammen Haugen.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Å venta på ein flyplass kan vera utfordrande. Men gode vekeblad kan hjelpa på dryge timar. Spesielt når flyvertinnene Stina Grønfur Håheim (t.v) og Henriette Davidsen Øglend annonserer fire timar venting for Vanja Sørheim (sitjande t.v), Emeli Moe Nonaj og Eline Kvammen Haugen som var dei tre mødrene på tur.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Elevar frå Etne kulturskule sørgde for musikken under leiing av Geir Marius Halleland (t.v) Christopher Ness (rød rutete skjorte) og Robert Røgelstad frå Skånevik var to av fem bandmedlemmer.
Foto: Grethe Hopland Ravn
For dei prektige husfruene kan matbestilling på restaurant i utlandet vera skummelt. Sitjande rundt bordet: Sol Sørheim (t.v), Anna Karina Ramsvik, Hanna Hansen Lysne. Servitørar er Mariell Markhus Vevatne (t.v) og Henriette Davidsen Øglend.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Når mødrene er borte kan ein gjera nett kva ein har lyst til. Bak f.v: Mathea Askvig, Tina Fredriksen Oen, Emilie Markhus Vevatne, Stina Grønfur Håheim og Desiree Sonja Klage Håheim. Framme f.v: Stina Matre, Tale A. Skjensvoll, Aslaug Frafjord Øyjord og Maiken Haugen.

Stakk frå menn og barn

Plutseleg ein dag fekk tre husmødrer nok av både masete ungar, svoltne menn, klesvask og middagsførebuingar. Dei pakka kofferten og rømde til Syden. Og når far skal stelle heimen, kan det fort gå i stå.

Publisert Sist oppdatert

Måndag var kinosalen på Skakkesenteret bort i mot fylt til siste sete, då elevar frå både Enge og Skånevik skule hadde benka seg til for skuleførestillinga av teaterstykket Mennene som skulle stelle hjemme. Ei teateroppsetting av elevar i Etne kulturskule, som hadde premiere for fullt hus sist laurdag, med førestilling også på søndag. Handlinga kan minna mykje om tv-serien Da damene dro, om husmødrer som slepp det dei har i hendene og reiser til Syden på dametur.

— Me har øvd sidan oktober i fjor, og det har til tider vore litt kaotiske tilstandar. Det er ein fin gjeng, men det har vore mykje energi. Så om det til tider har vore litt utfordrande, har det også vore veldig kjekt, seier kulturskulelærar innan teater, Christina Sørnsen.

Når berre skuleførestillinga gjenstår, konkluderer ho med at ho er ufatteleg stolt av gjengen. Ikkje berre av prestasjonane på scenen, men også kor flinke dei har vore i mellom alle sceneskift, når kostymer skal bytast i ein fei og mikrofon-myggar skal på plass. 22 skodespelarar er med på scenen i saman med fem musikarar frå kulturskulen. At dei kan skilta med live band på scenen er også noko dei ikkje har gjort før i ei oppsetting.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS