Rådgjevar i Kommunal- og moderniseringsdepartementet Jon Beldo i samtale med seniorrådgjevar Kari Grundvig frå Fiskeridirektoratet. Ordførar i Vindafjord Ole Johan Vierdal i bakgrunnen. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Rådgjevar i Kommunal- og moderniseringsdepartementet Jon Beldo i samtale med seniorrådgjevar Kari Grundvig frå Fiskeridirektoratet. Ordførar i Vindafjord Ole Johan Vierdal i bakgrunnen.

Skepsis til opphogging i sjø

Stor delegasjon i Vatsfjorden.

Publisert Sist oppdatert

Verken Fylkesmannen eller Fiskeridirektoratet ynskjer at det kan drivast med industriell verksemd i sjøområde i Vats-og Yrkesfjorden.

Detaljreguleringsplan for sjøområdet i Vats- og Yrkefjorden vart vedteken av Vindafjord kommunestyre i juni 2014. Nå har Fylkesmannen i Rogaland og Fiskeridirektoratet fremja motsegn til planen. Fredag var representantar frå dei to etatane, i tillegg til representantar frå Miljødirektoratet, Klima-og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Vindafjord kommune og initiativtakar til møtet Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), på vitjing i dei aktuelle sjøområda.

— Me er her for å sjå. Det er eit problem at dei vil hogga opp i sjø, seier regiondirektør Erik Ludvigsen frå Fiskeridirektoratet og siktar til AF Decom Offshore som har ytra behov for å dela opp installasjonar i open sjø før dei vert frakta til industriområdet på land.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS