Skakke under 90
Kari Aakra Finanskrisa har stelt godt med Skakkesenteret, og prosjektstyret er godt tilfreds med prisane […]
Finanskrisa har stelt godt med Skakkesenteret, og prosjektstyret er godt tilfreds med prisane som er henta inn. Styret i Kulturhuset BA fekk torsdag kveld presentert talmateriale for dei innkomne tilboda på Skakkesenteret, og den førebelse kostnaden på prosjektet er summert til 70 millionar kroner. I vekene som kjem skal prosjektleiarane av Skakkesenteret i kontraktforhandlingar med entreprenørane, og styreleiar i Kulturhuset BA, Nils Halleland, seier prisen garantert vil auka noko, men vil ikkje sprengja ramma på 90 millionar kroner som blei antyda då det reviderte prosjektet blei lagt fram i fjor sommar.
— For å kvalitetssikra bygget, og sørgja for at me har tatt høgde for nok materiale og alle eventuelle justeringar, som til dømes lengre løpebane, som mange ønskjer, og som ikkje var rekna med i utgangspunktet, vil summen auka. Men Skakkesenteret blir billigare enn 90 millionar, seier Halleland.
Lokalt og regionalt
Prosjektgruppa for Skakkesenteret er godt nøgde med talet på anbydarar, og har i følgje Halleland fått tilbod frå første klasses byggmeistrar på alle fagområde. Anboda er delte inn etter fem fagområde; VVS, elektro, grunn/betong, tømmer og prosjektleiing. Og byggingsarbeidet går i retning av sterk lokal og regional tilknyting.
— Det er enno for tidleg for oss å gå ut med namn på kva firma som vil få jobben. Medan nokre av fagområda har fått tilbod frå lokale aktørar, er det andre fag der ein måtte gå meir regionalt for å finna kompetanse og kapasitet. Mange av dei større entreprisane som ikkje er forankra i distriktet, vil likevel ta i bruk lokale underentreprenørar seier Halleland.
Framleis endringar
I dei 70 millionane som nå ligg til grunn før vidare forhandlingar er det også teke med nye stolar til kinosalen og teknisk utstyr til multimediasalen, noko som ikkje låg inne i det opphavelege budsjettet. Sjølv om styret ønskjer rimelegast kostnad på bygget, må dei nå ta høgde for ei kvalitetssikring av bygget, og sikra at alle framtidige Skakke-brukarar, så langt det er råd, får sine behov i lokale og fasilitetar ivaretatt. Det er også ein viktig faktor for å sikra inntekts- og driftsgrunnlaget for anlegget. I tillegg vil styret sikra at det finst ein buffer for eventuelle overraskingar, og tilpassa budsjettet for ein eventuell prisauke fram til bygget står ferdig. Styremedlem i Kulturhuset BA, Siri Klokkerstuen seier styret har eit stort ansvar for i neste omgang sikra at alle kostnader er rekna med, noko som mest sansynleg vil auka den førebelse 70 millionar-summen.
— Me må koma fortast mogleg i gang med dette for å unngå prisauke, slik at det ikkje vil øydeleggja effekten me til nå har opplevd. Og me må sjå nøyare på andre funksjonar og fasilitetar senteret vil ha behov for, som til nå ikkje er rekna med. Mellom anna må me rekna med ein 60 meters løpebane, etter ønskje frå kommunestyret, og forlenging av fleirbrukshallen, som ikkje var med i utgangspunktet. Vidare blir det viktig å sjå på korleis me kan justera enkelte lokale for å sikra at fleire kan bruka dei. Men me skal ikkje gambla, og må vera nøkterne ved eventuelle justeringar, seier Klokkerstuen.