Ragnhild Kaski i organisasjonen Av-og-til oppmodar til måtehald på julebordet.
Foto: Thomas Brun / NTB Kommunikasjon / Av-og-til
Seks av ti har opplevd for fulle kollegaer på julebord
Generalsekretær Ragnhild Kaski i Av-og-til meiner undersøkinga viser dilemmaet sjefen står i knytt til alkohol.
– Fleirtalet av nordmenn meiner det blir drukke for mykje på julebord. Medan nokre planlegg eit fyllekalas, vegrar andre seg for å delta. Vi oppmodar leiarane til å ta alkoholpraten i forkant av julebordet, slik at dei vonleg kan sleppe handteringa av uønskte hendingar i etterkant, seier Kaski i ei pressemelding.
Nordmenn er veldig delte i spørsmålet om kor mange einingar med alkohol det er innanfor å drikke på julebordet, snittet er 4,2. Undersøkinga viser også ein tydeleg kjønnsskilnad. Det er fleire kvinner enn menn som meiner det blir drukke for mykje og fleire kvinner enn menn som har opplevd for fulle kollegaer.