Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) på pressekonferansen tysdag. Foto: Emilie Holtet / NTB / NPK
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) på pressekonferansen tysdag.

Regjeringa vil stramme inn i ordningar for ukrainske flyktningar

Regjeringa foreslår å stramme inn vilkåra for forlenging av introduksjonsprogrammet for ukrainske flyktningar og tvinge kommunar til å opprette asylmottak.

Publisert Sist oppdatert
Ei innstramming betyr at programmet berre kan forlengjast viss deltakaren har arbeid eller arbeidspraksis, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Regjeringa foreslår også at kommunen kan avslå å tilby introduksjonsprogram for personar som har jobb eller tilbod om arbeid.

I tillegg sender regjeringa eit forslag på høyring om å påleggje kommunane å etablere og drifte mottak.

– Dette er ei løysing regjeringa ikkje ønskjer å ta i bruk. Samtidig er situasjonen uføreseieleg, og med ein så rask auke i innreisetal, må vi vere førebudde på at situasjonen kan bli ein annan ute i kommunane, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Flyktningtal skoten i vêret

Forslag til endringane vart lagt fram av Mehl og arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) på ein pressekonferanse tysdag. Det skjer etter at talet på ukrainske flyktningar som kjem til Noreg, har skote i vêret den siste tida.

Totalt har 65.000 personar frå Ukraina søkt om asyl i Noreg etter at krigen braut ut, og 29.000 av desse har komme i år. Seks veker på rad har det komme over 1000 ukrainarar i veka, og ein må tilbake til dei første vekene til krigen for å finne like høge tal.

– Derfor vurderer vi ulike tilpassingar og tiltak for å handtere dei auka innkomstane. Kva desse tiltaka er, må vi komme tilbake til, seier Mehl.

– Ser på årsaker

– Gjer dykk desse endringane fordi det har vorte for attraktivt å komme som ukrainsk flyktning til Noreg?

– Det er viktig for oss å gå inn i årsakene til kvifor vi får fleire flyktningar enn nabolanda våre. Det er ikkje rett at Noreg skal vere uforholdsmessig mykje betre enn til dømes nabolanda våre, seier Mehl.

Brenna understrekar at endringane er med på å arbeidsrette introduksjonsprogrammet tydelegare for å få fleire ukrainarar inn i arbeid.

Fem nye mottak i veka

I oktober skal Utlendingsdirektoratet opprette mellom 2000 og 3000 ekstra mottaksplassar. I praksis betyr det at det kjem fem nye mottak i veka. Desse kjem i tillegg til 28 nye mottak som vart etablerte i august.

Saman med partane i arbeidslivet skal det også gjennomførast ein informasjonskampanje om korleis arbeidsgivarar kan bidra.

Ukrainarar med vidaregåande opplæring frå før skal få tilbod om minst 15 timar arbeidsretta element i veka som del av introduksjonsprogrammet, eller at det må utgjere 50 prosent av programtida.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS