Reagerer på stenging
Gymnastikklærar ved skolen, Helga Risøy, synest det er forferdeleg dumt om symjehallen blir lagt ned, […]
Gymnastikklærar ved skolen, Helga Risøy, synest det er forferdeleg dumt om symjehallen blir lagt ned, og elevane må reisa med buss for å få symjeopplæringa dei har krav på.
— Bassenget me har her på skulen er eit ideelt opplæringsbasseng. Det er oversikteleg og ikkje så djupt. I Vindafjordhallen ligg ikkje forholda så godt til rette for barna. Eit anna sentralt spørsmål er det økonomiske aspektet. Det kan bli dyrt å senda alle klassane i buss til Vindafjordhallen, seier Risøy.
Dårlegare symjetilbod
Kristiane B. Ekrem, Silje Ebne, Håkon Stople og Hans Rørtveit går i sjette og sjuande trinn på skulen. På spørsmål om kva dei synest om ein eventuell nedlegging av symjebassenget er svaret eintydig. Dei vil behalde bassenget, og har ikkje lyst å måtte reise til Vats for å symje. — Da får me sikkert berre symjing eit par gongar i året, og ikkje ein gang i veka som me har no, seier Silje Ebne til Grannar.
Dei er samde om at elevar ved skulen kjem til å bli dårlegare å symja viss bassenget vert fjerna. Håkon Stople synes det er eit tåpeleg forslag politikarane har komme med. — Kva veit vel dei? Dei er aldri her oppe i bassenget, men sitt berre å bestemmer ting, så dei har eigentleg ikkje noko dei skulle ha sagt, avsluttar han.