Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Produksjonen av storfekjøt går ned
NPK: Tal frå Fatland og Nortura viser at produksjonen av storfekjøt går ned i år.
Det blei produsert 2.028 tonn mindre kjøt i første halvår av 2020 samanlikna med 2019, skriv Nationen.
Grunnen skal vere at bøndene beheld kyrne lenger for å levere meir mjølk.
— Den viktigaste grunnen til nedgangen er at det er slakta færre kyr. Bøndene kan levere meir mjølk, og då er det økonomi i å behalde kyrne på garden lenger, seier konsernsjef i Flatland, Terje Wester, til Nationen.
Samstundes har importen av storfekjøt auka for å dekke eit godt sal. Wester meiner importbehovet truleg blir mindre neste år.