Posane det dreier seg om, er Grønn & Frisk Spinat 200 gram med siste forbruksdato 15.10.2024 og Ferdig Preppa Spinat 200 gram med siste forbruksdato 15.10.2024.
Foto: BAMA / Handout / NTB / NPK
Posar med vaska spinat blir trekte etter funn av valnøtter
NPK-NTB: Bama kallar tilbake posar med vaska spinat etter funn av valnøtter under produksjonen. Dette kan vere farleg for personar med valnøttallergi.
– Under produksjonen måndag vart det oppdaga to heile valnøtter blant råvarene, noko som førte til at produksjonen omgåande vart stansa. Produkta vart aldri sende ut til butikkane. Den same råvara vart likevel brukt i produksjonen laurdag 5. oktober, og som eit føre-var-tiltak blir desse varene trekte tilbake frå marknaden, skriv Bama i ei pressemelding.
Ifølgje Bama er 2500 posar distribuerte. Butikkane er varsla, og posane blir fjerna frå butikkhyllene.
Posane det dreier seg om, er Grønn & Frisk Spinat 200 gram med siste forbruksdato 15.10.2024 og Ferdig Preppa Spinat 200 gram med siste forbruksdato 15.10.2024.
Grønn & Frisk Spinat er selde i Norgesgruppens kjeder Kiwi, Meny, Spar, Joker og Nærbutikken i Oslo-området, Buskerud, Østfold, Nordre Follo, og dessutan delar av Akershus, Vestfold og Telemark
Ferdig Preppa Spinat er selt i Remas butikkar i Oslo-området, Austlandet, Vestland, Midt-Noreg og Nord-Noreg.
– Viss du er allergisk mot valnøtter og har kjøpt produktet, vennlegast kast det. For kompensasjon – kontakt Bamas forbrukarteneste, skriv Bama i meldinga.