Marine Harvest sitt settefiskanlegg i Fjæra blei tatt i bruk i 2016.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Planlegg trinn to i Fjæra
Samstundes som Statnett førebur styrking av sentralnett til Haugalandet, tek ordførarane i Odda og Etne grep for å få styrka straumnetta i sine kommunar. I kvar sine brev til Olje- og energidepartementet peikar Siri Klokkerstuen (Ap) i Etne og parti- og ordførarkollega Roald Aga Haug i Odda på viktigheita av at det blir bygd ny sentralnett-transformator i Røldal. Dette både for å få ut straum frå småkraftverk i regionen inn på sentralnettet, og for å leggje til rette for ei eventuell utviding av Marine Harvest sitt smoltanlegg i Fjæra. Dei meiner det også er avgjerande med tanke utvikling av anna industri og næring i dei same områda.
Røldal-trafo sentral
Odda-ordføraren er uroa som følgje at fire småkraftverk i Valldalen har fått avslag på sine søknader, og at det kan stikke kjeppar i hjula for finansieringa av eit nytt transformatoranlegg for sentralnettet i Røldal. Anlegget, som er berekna å koste 50 millionar kroner, vil vere viktig for nærings- og industriutvikling i området.