Leiar Mats Årvik i fotballgruppa Ølen IL framfor det det skal byggjast ein fotballhall, like ved dagens 11ar-bane.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Pengar til anlegg og bygdeutvikling
— Me er stolte av å sjå den store aktiviteten og det sterke engasjementet i alle bygdene. Årets søknadar viser eit mangfald av gode initiativ som bidreg til å utvikla lokalsamfunna våre vidare, seier styreleiar Gunnar Dalen i SØK-stiftinga i ei pressemelding.
Totalt kom det 73 søknadar frå 58 lag og organisasjonar. I 2018 starta SØK AS med utdelingar. SØK-stiftinga blei stifta 21. september 2021 etter vedtak på generalforsamlinga for SØK AS. Formålet er ifølgje pressemeldinga å vidareføra SØK AS sin funksjon som støttespelar for allmennyttige føremål i SØK-området og å fremja tiltak til beste for innbyggjarane.
Årets tildeling viser, ifølgje pressemeldinga, god geografisk spreiing mellom alle bygdene i SØK-området, med prosjekt og aktivitetar frå Åkrafjorden i nord til Vikebygd i sør. Stiftinga legg vekt på at støtta skal koma heile området til gode, og at det er aktivitet og engasjement i alle bygdene.