Ostesalet steig med over elleve prosent i tredje kvartal samanlikna med same periode i fjor.Foto: Terje Pedersen / NTB
Ostesalet steig med over elleve prosent i tredje kvartal samanlikna med same periode i fjor.

Ostesalet har stige kraftig i koronatida

NPK: Salet av ost har auka med heile 11, 2 prosent i tredje kvartal samanlikna med same kvartal i fjor.

Etter mange år med jamn nedgang i salet av mjølk og meieriprodukt, har koronapandemien snudd opp ned på forbruksvanane til nordmenn. Av ostane med salsauke har Kremost hatt ein overraskande vekst på nesten 43 prosent, og smelteost har auka med nesten 18 prosent. Gulosten har ein vekst på 12 prosent, noko som utgjer eit meirsal på heile 1,9 millionar tonn gulost i tredje kvartal.

— Den store auken i tredje kvartal kjem nok først og fremst av at vi i sommar har feriert i eige land, og at vi har nytt godt av dei norske meieriprodukta både heime og på noregsferie. Dessutan er det jo nesten slutt på grensehandelen som særleg kan ha ein innverknad på sal av ost. Generelt sett ser vi ein kjøleskapseffekt» ved at folk et langt meir av omtrent alle typar meieriprodukt jo oftare dei er nære kjøleskåpet sitt, seier Ida Berg Hauge, direktør i Opplysningskontoret for Meieriprodukt (Melk.no), i ei pressemelding.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS