Tongane i Etne er ein av stadane kor mange lokalt har arbeidsplass.
ARKIV/JON EDVARDSEN
Endå færre manglar jobb i Etne og Vindafjord
I
mars var det registrert 32 heilt arbeidsledige personar i Etne kommune, noko
som utgjer 1,0 prosent av arbeidsstyrken. I Vindafjord kommune stod 68 personar
utan arbeid, som gir ei arbeidsløyse på 1,4 prosent.
Til samanlikning ligg arbeidsløysa i
Rogaland fylke på 2,1 prosent, medan Vestland har 1,8 prosent. På landsbasis er
arbeidsløysa 2,2 prosent.
Frå februar til mars har arbeidsløysa gått
svakt ned i begge kommunane i Grannar-distriktet, både i tal på personar og i
del av arbeidsstyrken. Etne går frå 34 til 32 heilt arbeidsledige, og frå 1,6
til 1,0 prosent, medan Vindafjord går frå 75 til 68 heilt ledige, og frå 1,5
til 1,4 prosent.