Levande lys er noko som alltid blir tent i kyrkjerommet til gudstenestene. For Kari Vik Stuhaug er møtet med menneske det som har gjort størst inntrykk i prestetenesta.
Grethe Hopland Ravn
Siste påske for soknepresten
Det er ein spesiell vår for Kari Vik Stuhaug. Når
påskehøgtida no nærmar seg, er det siste gong ho går inn i dei heilage dagane
som sokneprest i Etne. Etter tre år i kommunen, og seks år i presteteneste i Ølen før det, nærmar ho seg avslutninga på eit langt og innhaldsrikt arbeidsliv.
— Eg er i grunnen fornøgd med at eg har halde på
til eg er 65, seier ho, men legg til at tida er moden til å ta tempoet litt
ned.
Den 7. juni held ho sine siste gudstenester før ho
går ut i sommarferien – og vidare inn i eit liv som pensjonist.