F.v.: Magne Hundseid, Ellinor Hornenes, Mari Lien, Viljar Eikeland, Nora Bjørnestad og Maia Kili.
Rina Aspmo
Frå sjø og jord til bord
Barnehagen har nemleg sin
eigen båt, der borna får vere med ut på sjøen og fiske. I tillegg har dei ein
frodig grønsakshage som spirer og gror når våren kjem.
I haust tok dei turen ut med båten og sette teiner. Der fekk dei hummar – ei oppleving borna seint kjem til å gløyme. Fangsten enda opp som
ein smakfull pastarett med hummar, og alle borna fekk smake.
Sjølv om «mat på bordet» ikkje er eit fast tema i kvardagen, er borna
jamleg med på aktivitetar som knyter dei tettare til maten dei et. Dei fiskar,
plukkar bær og grønsaker, og er med på førebuingar, som å skrelle poteter.