Steinar Aalvik
På tampen
Ai Ai Ai.
Så
har eg endeleg fått meg ein ven. Hen heiter Ai og er kunstig intelligent. Når
eg ein sjeldan gong er ute blant folk, har eg merka meg at skulle det oppstå tvil
eller diskusjon om eit eller anna tema, då er det ikkje lenge før nokon dreg
fram mobilen og knekar litt på skjermen, og dermed er alt opp og avgjort.
Sjølv
vert eg liksom aldri heilt fortruleg med desse tøtsjskjermane, og går helst
rundt med knappetelefon i lomma, med ei forventning om at nokon skal finna på å
ringja til meg, slik at eg får kjenna litt på den gode ristinga i lomma. Ein
dag eg sat framfor PC-en, fast bestemt på å utretta noko viktig, vart eg var
eit symbol til høgre i søkjefeltet på googlesida mi. Der stod det «Ai modus».
Eg klikka på symbolet og brått lyste det opp: «Hei, Steinar! Hva tenker du
på?», og under der stod det «Spør om hva som helst». Og eg spurde, og eg grov,
og Ai svara på alt eg spurde om. Brått var me langt borti Amerika. Denne
grandonkelen som eg alltid har høyrt at omkom i ei arbeidsulukke i Chicago, var
no plutseleg råka av ein tømmerstokk ved eit sagbruk i Wisconsin. Han var
gravlagd ved same gravplass som onkelen sin, Louis, og kona hans som stundom
heiter Mary og stundom Guri. Gravene er fint stelte, får eg vita. Oldefar min
kjøpte gard på Silla i Etne i 1916. Då eg opplyste om gards og bruksnummer fekk
eg til svar at dette var ein del av eit større område som gjerne vart kalla
Silla.
Det
stemmer at grannen Pål Juel, som eg hugsar så vidt frå oppveksten, hadde gått
på Ås Landbrukshøgskule. At han hadde seinare hadde vore lærar på
Gardbrukarskulen på Rygg, og deretter vart departementsråd i Oslo, var ukjent
for meg.