103 år gamle Marta Maria Sørhus frå Vats har mange gode minne frå påskefeiringa då ho var lita jente.
Irene Mæland Haraldsen
103-åring deler barndommens påskeminne
Påsken er kristendommens eldste og
viktigaste høgtid. I Norge har me feira påske i snart 1000 år og måten me
feirar på har endra seg med åra. Frå å vera ei streng religiøs markering av
Jesu død og oppstandelse, til dagens feiring med hytteturar, påskekrim,
påskepynt og påskeegg.
For 103 år gamle Marta Maria Sørhus frå
Vats var barndommens påske ei tid ho hugsar med glede. Då samlast storfamilien
heime på Sjurseike, og slekt som hadde flytta ut av bygda kom heim for å ta del
i feiringa.
— Me fekk besøk av slekt og av
naboar, seier Sørhus og minnest hyggelege dagar med ekstra god mat på bordet og
tid til samvær med familie og gode naboar.