Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal og Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Ordførarar reagerer på eiga regjering
Arbeidarpartiet og Senterpartiet sine ordførarar langs E134 er skuffa over at gryteklar Røldal-tunnel ikkje er prioritert med oppstart i statsbudsjettet for neste år.
Dei 12 ordførarane frå dei to regjeringspartia, pluss tre fylkesordførarar, krev 100 millionar kroner i statsbudsjettet slik at tunnel mellom Seljestad og Røldal kan starte opp i 2023.
Blant underskrivarane av oppropet, som går til transportkomiteen på Stortinget og alle dei politiske partia, er ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) og Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) i Vindafjord og Etne.
Tunnelen er blant prosjekt som er utsett i budsjettet for neste år for å spare pengar.