Eit nytt system skal auke kapasiteten i det nordiske kraftnettet. Det er venta å påverke straumprisane rundt om i landet denne veka.
Foto: Annika Byrde / NTB / NPK
Nytt system kan gi billigare straum i sør og dyrare straum i nord
Tysdag tek Statnett i bruk ein ny metode for å fastsetje kapasiteten i kraftnettet. Det kan gi billigare straum i Sør-Noreg.
– Grovt sett viser uttestinga av den nye metoden at vi vil få litt lågare prisar sør i Noreg i snitt, medan vi vil få noko høgare prisar i Midt- og Nord-Noreg, seier konserndirektør Peer Olav Østli for systemdrift i Statnett til E24.
– Det vil også bli liknande effektar i Sverige. Over tid vil dette variere, avhengig av energisituasjonen i dei ulike områda, seier han.
Systemet blir teke i bruk tysdag, og det er venta å gi effekt på straumprisane frå onsdag.