Dagleg leiar Interoptik Etne Sigrid Mokleiv Sævareid (t.v.), optikar Lillian Handeland og dagleg leiar i Ølen, Heidi Sunde, i det nye butikklokalet i Ølen.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Dagleg leiar Interoptik Etne Sigrid Mokleiv Sævareid (t.v.), optikar Lillian Handeland og dagleg leiar i Ølen, Heidi Sunde, i det nye butikklokalet i Ølen.

Ny optikarbutikk opna dørene

Publisert Sist oppdatert

Etter månader med oppussing og klargjering kunne Interoptik Etne invitera til opningsfest i den nye avdelinga i Ølen torsdag morgon. Opninga blei feira med kake og kaffi til kundane, og dagleg leiar Sigrid Mokleiv Sævareid var svært nøgd med tilbakemeldingane frå handlelystne kundar som fann vegen til den nye butikken på opningsdagen.

— Det har alt vore ein del innom. Folk kjem med blomar og ønskjer oss velkomen, seier Sævareid ein snau time inn i den første arbeidsdagen ved butikken i Ølen.

Butikken har fått eit lyst og triveleg butikklokale og eige rom for synsprøve. I starten vil butikken bli open måndag, onsdag og torsdag. Optikar vil vera å treffa onsdag og torsdag. Dagleg leiar ved avdelinga i Ølen, Heidi Sunde, vil ta seg av den daglege drifta og personalet vil rullera mellom Interoptik butikken i Etne og avdelinga i Ølen. Om opningstida blir utvida er avhengig av kundegrunnlaget.

— Me får sjå det an om me vil utvida, seier Sævareid.

Powered by Labrador CMS