Noregs nye beredskap: Krev samarbeid i alle kommunar
Regjeringa vil krevje at alle kommunar må involvere fleire i arbeidet med å handtere kriser. Det skal vere beredskapsråd både lokalt, regionalt og nasjonalt.
– Eg seier berre look to Hønefoss», seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB.
Tysdag var han og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) i Hønefoss og møtte det lokale beredskapsrådet. Ute herja snøvêret, og inne handla samtalen mykje om ein annan beredskapssituasjon: ekstremvêret Hans» som ramma kommunen i 2023.
– Her har dei gjort det vi no meiner bør gjerast alle stader. Dei har etablert ei open dør for at kommuneleiing, politi, sivilforsvar og frivilligheit kjem saman og samvirkar i krisa. Og dei har eit ferskt døme med korleis det fungerte under ekstremvêret, seier statsministeren.
Nytt rammeverk