Nøgde elevar på Lundeneset

Elevundersøkinga 2008 viser at elevar ved vidaregåande skular i Rogaland er mest nøgde med læringsmiljøet […]

Publisert Sist oppdatert

Elevundersøkinga 2008 viser at elevar ved vidaregåande skular i Rogaland er mest nøgde med læringsmiljøet på skulane sine. Elevane ved Lundeneset vidaregåande skule har skrytt lærestaden sin opp på ein femte plass på lista. Etne vidaregåande skule ligg på 22. plass. Rangeringa er gjort av Utdanningsforbundet sitt medlemsblad Utdanning». Undersøkinga er gjort blant elevar på første årstrinn som har svart på spørsmål om blant anna trivsel og læringsmiljø på skulen sin. Blant dei skulane hundre skulane som blir gitt best skussmål av elevane sine, dominerer vidaregåande skular i Hordaland og Rogaland, der sistnemnde fylke dominerer på den øvste halvdelen av lista. Ølen vidaregåande skule er ikkje blant dei hundre på lista.

Powered by Labrador CMS