Meir satsing på barn og unge
Vindafjord er ein BTI-kommune der betre tverrfagleg innsats skal sikra barn, unge og familiane deira eit godt oppvekstmiljø. Fredag inviterer Inger Kathrine Sundve til konferanse i Skjold med psykisk helse som hovudtema.
Betre tverrfagleg innsats, eller BTI, er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i tenester og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. Målet er tidleg innsats, samordna tenester og involvering av foreldre. BTI-modellen består av fire nivå; ein handlingsrettleiar og verktøy for mellom anna observasjon, samtale, kartlegging og samtykke. Opplegget inkluderer også stafettlogg der formålet er å sikra at det ikkje blir brot i hjelpetilbodet frå kommunen, og samordna kommunen sitt tensetetilbod.
Både Vindafjord og Etne er knytt opp mot BTI-modellen, og i Vindafjord er ein nå inne i siste fase som skal få alle trinn i modellen på plass.
— Det har vore ei satsing over tid, og frå 1. januar skal alt vera oppe og gå. Me har jobba eitt par år med å få alt på plass og har fått midlar frå helsedirektoratet for å bli ein BTI-kommune, seier BTI-koordinator Inger Kathrine Sundve i Vindafjord kommune.