Jens Røyland (t.v.) og Ronny Sigbjørnsen går gjennom dagens e-postar. Nå jaktar dei vaksne medarbeidarar til nattarbeid og 24/7-restaurant. Foto: Alf-Einar Kvalavåg/Tysvær Bygdeblad
Jens Røyland (t.v.) og Ronny Sigbjørnsen går gjennom dagens e-postar. Nå jaktar dei vaksne medarbeidarar til nattarbeid og 24/7-restaurant.

Tysvær

McDonalds vil ha døgnopent i Aksdal

McDonalds har hatt ein eventyrleg start i Aksdal Senter. Nå vil dei servere burgarar døgnet rundt. Då treng dei tilsette over 18 år.

Publisert Sist oppdatert

Restauranten som opna 12. desember har 124 sitteplassar, dobbel Drive-thru og kaffibaren McCafé. Besøket og omsetninga har vore enorm og til og med over det dei største optimistane hadde trudd. Men det stoppar ikkje her. Franchisetakar Ronny Sigbjørnsen og driftssjef Jens Røyland vil gjerne servere mat og drikke heile døgnet.

– Me har fått den starten me ønska oss, og ser at eit tilbod døgnet rundt er ideelt for eit knutepunkt som Aksdal. Her er det mange som ferdas langs vegen, også nattestid. Derfor jaktar me nå nye tilsette over 18 år. Denne aldersgrensa er eit krav for restaurantar som er opne etter klokka 21, seier Ronny Sigbjørnsen.

Han tar imot oss ein onsdag morgon i vinterferien – det som skulle vere ei stille veke i senteret med vinterferie og greier. Måndag og tysdag var det kø. Og ikkje lenge etter at me sette oss ned kjem det folk inn dørene.
– Det er heilt utruleg kjekt å sjå og høyre kor godt me er blitt tatt i mot i senteret. Av kundane og av alle dei som jobbar her. Saman gjer me at senteret blir attraktivt, og det vinn me på alle.

Me får stadig inn nye jobbsøknader, og me skal følge opp alle dei som begynte her i desember

Me får stadig inn nye jobbsøknader, og me skal følge opp alle dei som begynte her i desember

18 år

Når dei andre senterbutikkane stenger dørene i 19-tida, så vil McDonalds halde ope heilt til dei andre opnar opp igjen. Reglane er klare.

– Me må ha folk som er over 18 år, og det har vist seg å vere litt vanskeleg.

– Kva er grunnen til det?

– Eg er litt redd det skuldast at mange trur dette er ein 100 prosentstilling med berre nattarbeid. Men det treng det slett ikkje vere. Ein kan fint kombinere det med studiar, annan jobb eller med ein fleksibel stilling hos oss. Me ser etter folk som vil jobbe frå 20 til 100 prosent.

– Er det stor skilnad på å jobbe dagtid og jobbe natt?

– Nei, i utgangspunktet er det ikkje det. Men om natta vil ein få litt betre tid til å halde kjøkken og restauranten i topp shape». Det er varierte oppgåver, men det er det for så vidt heile døgnet. Ein del av dei som jobbar her nå har sjølvsagt potensiale til å bli skiftleiarar og kunne jobbe også om natta, men me treng fleire. Eg har trua, men me køyrer ikkje i gang med 24/7 før me har folk på plass, smiler Ronny Sigbjørnsen.

Sommar

Det handlar mykje om personalpolitikk i ei etableringsfase.

– Me får stadig inn nye jobbsøknader, og me skal følge opp alle dei som begynte her i desember. Me bruker mykje tid på at folk skal ha det kjekt på jobb og forstå at reglane me har med omsyn til kvalitet og reinslegheit for våre produkt, er viktige. Så skal me ha god kontakt med kundane. Det er kjekt å melde at ingen av dei tilsette har slutta så langt. Det er rett og slett god stemning her og det skal også kundane ha si del av æra for. Her er det mange kjekke folk innom i løpet av ein dag, seier driftssjef Jens Røyland.
Og om søkartala er gode nå, så blir det om mogleg endå meir papirarbeid for han utover våren.

– Det stemmer. Me skal sjølvsagt ha mange inn til sommarjobb, og då kan sjølvsagt alle søke på tilsetting. Og det gjer dei. Om ikkje kvar dag, så har me jamleg besøk av ungdommar med søknadar i ein konvolutt i tillegg til dei søker på nettsida vår. Me kjem i kontakt med mange, og kanskje finn me nokon over 18 år i søknadsbunka, seier Røyland.

Viktig

For Ronny Sigbjørnsen er etableringa og ei eventuell utviding av opningstidene noko han jobbar med kontinuerleg. Han er også tett på salstala og besøksrutinar.

– Har me fått ein Tysvær-meny»?

– Nei, ikkje så langt. Men me observerer folk i alle aldrar her inne og kaffitilbodet me har gjer også at ein god del har fått McDonalds som sitt treffpunkt på føremiddagen.

– Det synest me er kjekt, skyt Røyland inn.

– Dette er eit selskap som har mange verdiar ein skal følge opp. Me har gjort tiltak mot søppel, me skal utvikle unge arbeidstakarar og me skal vere ein ressurs i nærmiljøet. Det har me lukkast med andre stadar. På sikt må me finne ein samarbeidspartnar innan lag og foreiningar også her, slik me har med Stavanger Oilers i Stavanger. Skal me få til ein slik vinn-vinn situasjon, må omdømmet vårt haldast oppe. Folk må kjenne at dei er velkomne, det må ikkje flyte søppel rundt, og dei som jobbar her må kjenne at dei er verdsett. Då fortel dei det vidare og me får nye søkarar til stillingane våre. Akkurat nå er det låg arbeidsledigheit, så me må kjempe om vaksne arbeidstakarar som alle andre, seier Ronny Sigbjørnsen.

Så langt har over 50 personar fått jobb i restauranten i Aksdal Senter. Omsettinga og besøket på senteret har auka markant etter at Jens og gjengen flytta inn like før jul.

– Målet er at me skal vere ein positiv del av heile Aksdal, vere med å gi unge førstegongsarbeidarar moglegheitene til ein karrierestart. Det gjeld både dei som snakkar tysværdialekt og alle dei andre nasjonalitetane me har. Samspelet mellom dei er integrering på beste måte. McDonalds er langt meir enn berre burgermenyar og økonomi, avsluttar Ronny Sigbjørnsen og legg til: Heldigvis.

Powered by Labrador CMS