Fatland-gruppa utvida og moderniserte anlegget i Ølen i 2016, og no vurderer konsernet nye fabrikkar både på Otta og i Sandfjord. Men det er ikkje tatt beslutningar enno. Foto: Jon EdvardsenSmitten er på retur ved Fatland slakteri i Ølen.
Fatland slakteri i Ølen.

Må vurdere bruk av karantene

Fatland Ølen AS har ein del tilsette frå Litauen som får karantene dersom dei skal inn i Noreg. Både karantene og bruk av norsk permittert arbeidskraft kan bli eit alternativ.

Publisert Sist oppdatert

Ifølgje konsernsjef Terje Wester i Fatland-gruppa har dei god produksjonskapasitet og godt sal på grunn av hamstring. Litt lenger fram må dei finne løysingar på at utanlandske arbeidarar frå Litauen reiser heim i ein periode før neste økt, vanlegvis etter tre månader. Med dei nasjonale reiserestriksjonane må dei vere i karantene i to veker når dei kjem tilbake til Ølen.

Fatland har nokre irske og polske på jobb på Jæren, men det er først og fremst Ølen som kan få litt utfordringar.

— No løyser vi det med at fleire arbeider lenger enn tre månader, men dei skal heim og besøkje familien etter kvart. Alternativet er at vi tar inn igjen ein del og set dei i karantene før dei kan starte på jobb igjen. Vi kan også bruke norsk arbeidskraft med permitterte sidan det ikkje er spesiell kompetanse i mange av jobbane, seier Wester.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS