Slåttefolk på Dalen i Innbjoa runtd 1920.

Kvardagsminne frå farne dagar

Sogelaga i Vindafjord kommune er klar med si siste utgåve av sogeskriftet Vindetreet. Ei bok fylt med interessante kvardagshistoriar, personlege minne, amerikabrev og litt krim.

Publisert Sist oppdatert

 Årets utgåve av Vindetreet føyer seg inn i rekkja av sogeskrift med interessante og gripande historiar om folk og bygdeliv slik det var for over hundre år sidan og fram til nyare tid. Gjennom 46 artiklar blir lesarane tatt med på ei tidsreise der folks liv og lagnad blir beskrive i tekst og bilde. Boka er eit samarbeid mellom sogelaga i Vindafjord og er utgitt i 1400 eksemplar. Redaksjonen består i år av ti personar som har jobba nesten eit heilt år for å få boka klar i god tid før jul.

— Arbeidet med neste Vindetre startar i grunnen så snart me er ferdige med årets utgåve. Det er ein prosess som er slik at nokre idear kan ein få med i år, andre artiklar må stå vent, kanskje i fleire år til det passar i høve plass og tema, seier Ingrid Mathilde Sørvåg i redaksjonen.

Ein del av artiklane skriv medlemmene i redaksjonen sjølv, andre blir henta inn frå bygdefolk.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS