Det skal byggjast eit interkommunalt krisenter i Aksdal. Her er Vindafjord-ordførar Johan Vierdal, Haugesund-ordførar Nils Konrad Bua, araordførar Rannveig Foss Øvrebø i Bokn og Tysvær-ordførar Monika Lindanger under ei synfaring i Vats.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Krisesenter får ikkje Husbanken-tilskot
Per i dag kan kommunar søkje om investeringstilskot frå Husbanken for å fornye og auke tilbodet av plassar i sjukeheimar og omsorgsbustader. Denne ordninga gjeld ikkje senger i krisesenter. Dette reagerer politikarane på – og har sendt spørsmålet til Stortinget.— Når ein byggjer sjukeheimsenger, får ein investeringstilskot frå Husbanken. Når det gjeld bygg som krisesenter – som også er ei lovpålagt oppgåve – gjeld ikkje støtteordninga. Det betyr at éi gruppe fell utanfor og ikkje får det dei treng, sidan det er kostbart å byggje, seier Høgre-politikar og ordførar i Tysvær, Monika Lindanger.
Ho peiker på at det ikkje er vanleg å byggje krisesenter.
— I dette tilfellet er vi 16 kommunar som har gått saman om å byggje eitt krisesenter til 120 millionar kroner. I utgangspunktet byrja prislappen på 80 millionar, men steig til 180 millionar, og no skal det ha ein kostnad på 120 millionar kroner. Det heng saman med den økonomiske situasjonen til kommunane og det ein står i. Det må sparast der det kan, men ein må ha eit krisesenter.