Kommunedirektøren sluttar
— Eg har hatt ei svært lærerik og meiningsfull tid i Vindafjord, og det har vore ei stor glede å få arbeide saman med så mange dyktige og engasjerte menneske. No har eg fått ein spennande moglegheit i det private næringslivet. Det er ei tid for alt, og det kjennest rett å ta steget vidare, seier Folven Bergesen.
Han sluttar i kommunen 1. mars.
Fin tid
Det blir påpeika i pressemelding at Folven Bergesen har hatt ei sentral rolle i utviklinga av kommunen.
— Det har vore kjekt, og eg har trivst svært godt i stillinga. Det å leie ein organisasjon med så mange dedikerte tilsette som kvar dag, året rundt, går på arbeid for å gjere det beste for innbyggjarane har vore eit privilegium.
Han peikar på at overgangen til privat sektor blir ei ny og spennande erfaring etter mange år i det offentlege. Gjennom åra i Vindafjord har han opparbeidd seg brei erfaring, og hatt eit tett og godt samarbeid med både kommuneadministrasjonen, kommunestyret og næringslivet i regionen.
— Dette er ein spennande kommune og region med mykje på gang. Vindafjord har store mogelegheiter til å fortsetje å utvikle seg som både ein av dei leiande landbrukskommunane, og som ein av dei leiande industri- og teknologikommunane i Noreg. Det å få treffe, lære og framsnakke næringslivet i regionen har vore veldig kjekt.
Gode skussmål
Ordførar Ole Johan Vierdal uttrykker stor takksemd for innsatsen kommunedirektøren har lagt ned:
— Yngve har gjort ein framifrå jobb som kommunedirektør, og eg er svært nøgd med samarbeidet me har hatt. Han er godt likt både i det politiske miljøet og i det interkommunale nettverket. Samarbeidet med Yngve har vore prega av god takhøgd, open dialog og ei god fordeling. Han er ein kunnskapsrik, ærleg, open og behageleg samarbeidspart, seier Vierdal i pressemeldinga.
Arbeidet med å tilsetja ny kommunedirektør vil starta så snart kommunestyret har godkjent prosessen.
Ordføraren understrekar at etterfølgaren vil få ei spennande og meiningsfull rolle i ein kommune i utvikling.
— Vindafjord, med over 9.000 innbyggjarar, er ein attraktiv og sterk kommune – med eit slagkraftig næringsliv. Me ser fram til å finna ein ny kommunedirektør som kan vera med å vidareutvikla kommunen, avsluttar Vierdal.