Her er den litt av den nye klatrejungelen på Olalia
Foto: Privat
Klatrejungel på Olalia og andre rimelege haustferietips
Du treng ikkje reise langt eller bruke mykje pengar for å oppleve noko nytt. Her er Haugesund Turistforening sine tips til planlegginga av haustferien.
Skulen sin haustferie er rett rundt hjørnet, og mange med barn eller ungdom i familien lurer på kva dei skal finne på i ferien.
Treng ikkje blir dyrt
– Eg trur mange har lyst til å finne på noko hyggeleg no når hausten er her og barna snart har fri frå skulen. Samtidig kjenner mange på at det er lite pengar til overs, og andre igjen har ikkje moglegheit til å ta fri. Derfor vil eg minne om at det er mykje ein kan finne på i vårt nærmiljø her på Haugalandet, seier Rolf Svendsen i Haugesund Turistforening i ei pressemelding.