Kjære lesar!

To gonger i veka får du i papiravisa lesa om store og små nyhende, om […]

Publisert Sist oppdatert

To gonger i veka får du i papiravisa lesa om store og små nyhende, om folk, organisasjonsliv, kultur og aktivitetar frå eit spennande område med ei rekkje tettstader og mindre lokalsamfunn med yrande liv. Her har du også sjansen til å dela dine meiningar med mange andre.
I tillegg skal du få med deg viktige og ferske nyhende i nettavisa grannar.no. I denne kanalen er det mogeleg å vera aktuell like i etterkant når viktige ting skjer i lokalsamfunnet ditt. Også for mange utflyttarar er Grannar eit kjært organ og som gjer at kontakten med bygda si kan oppretthaldast fram til dei ein dag kanskje kjem attende.

Me i Grannar jobbar for deg, men me treng også hjelp, støtte og innspel frå lesaren til å bli betre. Og det fine og unike med denne lokalavisa – i motsetning til dei fleste store aktørane i regional og nasjonal media – er vår suverene og sterke lokale forankring. Her er det ingen eigar eller konsern langt borte som krev utbytte eller tappar bedrifta for ressursar. Våre aksjonærar er lokale og lar overskotet blir verande til å styrkja og forbetra produktet. Dette er vår store styrke i det store mediebildet.
Som utkantkommunar står Etne og Vindafjord overfor mange utfordringar. Samstundes ser me at gründeranda i næringslivet er sterk, at kommuneadministrasjonar, lokalpolitikarar, lag og organisasjonar og mange andre gode krefter jobbar for betre kommunikasjonar, nye kultur- og fritidstilbod, gode skuletilbod, betre service og nye arbeidsplassar.

Grannar skal vera med å syna det lokale mangfaldet, men samstundes vera kritiske, opplysande, meiningsytrande, analyserande, underhaldande og – ikkje minst – eit talerøyr for enkeltmennesket.

Powered by Labrador CMS